Første Rogfast-salve

Illustrasjon, utfylling i Arsvågen. - Klikk for stort bilete

I morgon, torsdag 4. januar kl. 12 skal den første salva i gigantprosjektet Rogfast fyrast av i Arsvågen.

Blant prominente gjester blir det m.a. tale frå ordførar Tormod Våga. Statsråd Ketil Solvik Olsen er også invitert til den store hendinga.

Sjølve salva skal gå av i enden av langstidsparkeringa sørvest for terminalbygget. Den historiske augeblinken vil markera starten på bygginga av verdas lengste og djupaste undersjøiske tunell.