Bildebok frå Bokn

Døme på bildebøker rundt bordet, fv. Harry Vågshaug, Eivind Øvrebø, Reidar Alvestad, Gudny Sæbø, Leiv Våga frå styret i Bokn Historielag og Birger Lindanger.

Bokn Historielag har fått midlar frå Bokn kommune til å starta opp eit prosjekt med å laga ei bildebok frå Bokn.

Foto: Døme på bildebøker rundt bordet, fv. Harry Vågshaug, Eivind Øvrebø, Reidar Alvestad, Gudny Sæbø, Leiv Våga frå styret i Bokn Historielag og Birger Lindanger.

Styret i laget har sett ned eit utval som skal jobba vidare med prosjektet. Utvalet skal laga eit forslag til korleis dette skal organiserast, utsjånad, innhald, framdrift og finansiering. Leiar i Historielaget, Leiv Våga, fortel at dei vil søkja etter fleire midlar for å få prosjektet i hamn, m.a. frå Sparebankstiftelsen.

Besøk frå Åkra vgs 17. feb.: bak "talarstolen" fv. Leiv Våga og Reidar Alvestad var vertar.

Birger Lindanger har fått pådrivaransvar for utvalet, og dei tar sikte på å presentera eit opplegg for styret i neste månad. Høgst sannsynleg vil bildeboka også innehalda tekst.

Bakgrunnen for prosjektet er at det finst dobbelt så mange foto arkivert i kommunen enn det som er brukt i dei fire bygdebøkene.

Ansvar

Bokn Historielag driv ikkje berre med bildebok. Etter 0 besøkande hjå Bokn bygdemuseum i 2012 tok dei ansvar, og har hatt sommarope sidan 2013. Ein førebels besøkstopp er 154 stk. i 2015.

I fjor bidrog dei til positive tankar og ny giv for ungdomshuset på Håland, utførte vedlikehaldsarbeid og var valnemnd for eit nytt museumsstyre. Det gode samarbeidet med kommunen blei understreka fredag 17. februar, då Leiv Våga og Reidar Alvestad var museumsvertar for ei gruppe frå Åkra vgs.