Wow, seier berre vi!

Anne E. Askeland Onsdag 25. april hadde samfunns – og utviklingssjef to ungdommar frå Vormedal Ungdomskule på jobbskygging. Dette innebar ein tur utom turstien og den nye postkassen for å sjå om han fungerer etter hensikta.

Det regna godt eit stykke av turen og vi fekk testa postkasse og «konsept». Det var kjekt å sjå at postkassen var heilt tørr inni og at også boka var i fin stand.

291 på ein månad

Etter at vi tre «postkasse-kontrollørar» hadde skrive oss inn i boka, noterer vi oss at heile 291 personar har skrive namnet sitt i boka på berre ein månad. Wow! Dette lovar godt!

Fortsett å telja turar og fortsett å skriva namnet ditt i bøkene rundt om i kommunen.