Vigsel i Bokn Arena

Tysdag 27. august 2024 gifta Sverre Trosnavåg og Susanne Helgevold Holgersen seg i Boknahåve i Bokn Arena. Ordførar Egil Våge stod for vigslinga.

Bilde av brudeparet - Klikk for stort bileteNygifte: Susanne Helgevold Holgersen og Sverre Trosnavåg. Jardar Havikbotn

Dette var første gong det gjekk føre seg ein borgarleg vigsel i det staselege lokalet. Rommet var fint pynta til formålet, og både brudepar, ordførar, gjester og dei som jobba med hendinga, var strålande fornøgde med gjennomføringa.

Gratulerer til brudeparet! 

Det var 1. januar 2018 at det kom ny ekteskapslov, og Tinghuset overførte ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar til kommunane. I Bokn har kommunestyret gitt vigselsmynde til ordførar, varaordførar og kommunedirektør.

Bilde av ordførar, klar for vigsel. - Klikk for stort bileteOrdførar Egil Våge klar for vigsel i flott lokale i Bokn Arena. Jardar Havikbotn