Vatningsforbodet er oppheva

Bildet av vassdropar. - Klikk for stort bilete pixabay.com

På grunn av noko auke i vasskjelda, fellesferie i Rogfast-prosjektet og regn i vente neste veke, ser me at me kan oppheva vatningsforbodet frå og med i dag.

Bokn kommune vil fortsatt oppfordra til å unngå unødvendig bruk av vatn.

Litt vassvett:

1000 liter i timen
Ein hageslange kan bruka så mykje som 1000 liter vatn i timen.
Det tilsvarer døgnforbruket til ein husstand med 6 personar.

Når mange brukar mykje vatn samtidig, utfordrar det kapasiteten på leidningsnettet som fraktar vatnet frå vassbehandlingsanlegga og ut til husstandar, samfunnsinstitusjonar, gardsbruk og næringsliv.

Så sjølv om vasskjeldene er fulle, kan det likevel bli lite vatn og lågt trykk ute i vassforsyningsnettet.
Dette vil og påvirka slukkevatn til brannvesenet.

Bokn kommune takkar alle som har bidratt til å spara vatn.

 - Teknisk avd. -