Vandreutstilling

Jardar Havikbotn I servicetorget på Boknatun kan du ut oktober sjå utstillinga "Rom for alle?"

Utstillinga frå Haugalandmuseene handlar om tigging og fattige tilreisande EØS-borgarar me ser i bybildet og rundt om i distrikta.

Bakgrunnen er ein dokumentasjon av fattige tilreisande på Haugalandet, laga av Haugalandmuseene i samarbeid med Kirkens Bymisjon, som jobbar for at alle menneske som oppheld seg i byane skal få dekka basisbehov som mat, ei seng å sova i og toalett – noko som er svært aktuelt i samband med årets TV-aksjon.

Fotoutstillinga ønsker å setta fokus på tigging og bidra til meir kunnskap om eit vanskeleg tema. Ta deg ein tur innom!