Ut på tur

Boknahåve 21.03.20: Annstein Vik og Marianne Hjertnes Steinsland nyt kaffipause i strålande vér. Jardar Havikbotn Både Helsedirektoratet, Turistforeningen og Friluftsrådet oppfordrar oss til å ta oss ein tur ut i naturen, spesielt i desse koronatider med mykje innetid. I tillegg til å få frisk luft og trim, styrkar det immunforsvaret og er også for mange eit "mentalt friminutt".

Dessutan er det god boltreplass på og ved naturstiane på Bokn, for reglane om å halda avstand til folk og unngå større folkemengder gjeld også ute på tur.

I det nydelege véret laurdag 21. mars var det ein del folk ute i løypene. For underteikna og kona gjekk turen til Boknahåve, men postkassen og postkasseboka fekk vera i fred.

Bokn kommune har tidlegare understreka Friluftsrådet si oppfordring om å ikkje nytta bøkene i denne smitteperioden me er inne i.

Ute med fyret hadde Annstein Vik og Marianne Hjertnes Steinsland ein kaffipause. Dei hadde fått med seg denne oppfordringa og hadde også gått forbi postkassen.

TellTur

Postkasseboka fekk vera i fred. Jardar Havikbotn 1. april går startskotet for TellTur 2020. Nytt i år er at ein kan registrera turmål via GPS med appen Norgeskart Friluftsliv. Denne registrerer turmål sjølv om ein er 50 meter frå koden.

Dei som ikkje nyttar den nye appen, kan lesa av kodane som er klistra på postkassane ved dei åtte TellTurane me har i Bokn.