Kom frå Kiel
Ubåten KNM Utvær i Boknasundet, 20.06.24.
Hans Faye
Det er heller sjeldan med ubåtar gjennom Boknasundet, og det er også berre seks slike båtar i Noreg. Sjøforsvaret sine Ula-klassebåtar frå rundt 1990 er planlagde å vera i bruk fram til slutten av dette tiåret. Då skal dei fasast ut og erstattast av den tyske ubåtklassen 212CD.
Og det var nettopp i Tyskland KNM Utvær hadde vore då dei segla inn i Boknasundet denne junidagen. Sjøforsvaret skal nemleg kjøpa seks nye ubåtar i Tyskland, og nå hadde dei vore der for å etablera eit godt forhold til dei.
Boknar om bord
Jonas Løvereide Faye (24) er utdanna cyberingeniør i Forsvaret og jobbar som nettverksbefal på båten. Nå er han snart ferdig med sitt første av tre pliktår. Han fortel at dei har ein besetning på rundt 25 stk. og var nå på veg til Ramsund, som i framtida blir basestasjon for Noregs nye ubåtar.
Båten gjekk vidare nordover Karmsundet, her er Jonas L. Faye ved Karmsundbrua.
Privat
KNM Utvær seglar både på hemmelege oppdrag og «offisielt opne» oppdrag. Dei ligg ofte i hamn i Haakonsvern leir i Bergen, som i dag er hovudbasen deira.
-Ingen sjø under vatn
KNM Utvær kan dykka djupare enn 200 meter, og Jonas fortel at han ikkje merkar noko på kroppen under dykkinga.
-Nei, det blir berre rolegare - ingen sjø under vatn, seier han humoristisk.
-Det kan bli litt forskjell i trykk oppdykka (når båten er over vassflata igjen), men ikkje veldig mykje, avsluttar Jonas Løvereide Faye, som aldri har blitt redd om bord, men synest det er veldig rart å tenka på at han er i djupet i blant.
Sjøforsvaret sine ubåtar
Ula (S 300) – sjøsett 1988, ferdig 1989
Utsira (S 301) – sjøsett 1991, ferdig 1992
Utstein (S 302) – sjøsett 1991, ferdig 1991
Utvær (S 303) – sjøsett 1990, ferdig 1990
Uthaug (S 304) – sjøsett 1990, ferdig 1991
Uredd (S 305) – sjøsett 1989, ferdig 1990
Bilde frå ferda gjennom Boknasundet:
Kjelder: sjoforsvaret.no og snl.no