TV BOKN-sendinga på 17. mai

Programstart frå direktesendinga 17. mai Skjermbilde frå videoen. Fekk du ikkje sett sendinga på nasjonaldagen? Programmet begynner når tidslinja nedst på videobildet viser - 3:49:29 i høgre kant.

Fleire tar kontakt med kommunen i samband med at dei har problem med å sjå TV BOKN si sending frå 17. mai. Det kom nemleg bilder frå sendinga i over 20 min. før annonsert start kl. 09:55.

Dei som vil sjå det om igjen, eller for fyrste gong - frå programstarten, stiller altså den runde markøren inn slik det går fram av bildet.

Ellers vil det seinare bli publisert ein redigert film frå Annleis-nasjonaldagen 2020 - det er berre å gleda seg!