Turtipshefte

Frå framsida av turtipsheftet. Alle husstandane i Bokn har fått flotte hefter med turar frå Bokn og Tysvær.

Fleire har gitt uttrykk for at dei set stor pris på dette hendige heftet, som lett får plass i tursekken. Det har til og med kome to stk. i postkassane i haust. Første gong var det ein feil i distribusjonen og dei fleste fekk heftet med helsing frå "feil" ordførar.

Det er Haugesund Turistforening (HT) som har laga heftene. Dei ynskjer å få fleire til å gå tur, og har også produsert turtips til Haugesunds Avis i fleire år - som har resultert i turtipsbøker på eige forlag.

- Fleire av desse er utselde, og me opplever stor etterspørsel og ynskje om nye opplag, trass i at dei er tilgjengelege på nettet, fortel Rolf Svendsen i HT.

Først ute

HT har sett i gong eit arbeid med å setta saman turtipsa i hefter med ein eller to kommunar i kvart hefte. Svendsen seier at Bokn og Tysvær er dei første kommunane i dette prosjektet. Han nemner at dei med å gjera det slik får inn fleire turtips frå kvar kommune. I tillegg har dei tatt med litt natur- og kulturhistorie.

Viss du av ein eller annan grunn ikkje har fått heftet, ta kontakt med kulturkontoret.

Kos deg med heftet og god tur!