Topp-moderne vassverk

Drift- og eigedomssjef, Kjell Arne Valentinsen, er godt nøgd med det nye vassverket.Det nye vassverket på Vaulen skal prøvekøyrast i slutten av februar og vera klart til bruk i mars.

Bilde: Drift- og eigedomssjef, Kjell Arne Valentinsen, er godt nøgd med det nye vassverket.

I prosesshallen er det m.a. tre store vasstankar, UV-tankar, spiraltrapp og bru.

Ca. 20 millionar kroner vil vassverkutbygginga kosta totalt. Hovuddelen ligg i  bygget som er fint plassert i terrenget ved starten av vegen opp til toppen av Boknafjellet. Drift- og eigedomssjef, Kjell Arne Valentinsen, fortel at dei har forsøkt å tilpassa bygg og område. Bygget og alle tekniske system begynner nå å komma på plass. 

Omtrent 130 m2

I gangen innafor utgangsdøra skal det m.a. komma skap med reine klede og sko, for ev. klesskifte for å gå inn på vassverket. Toalett m/dusj ved sida av blir det også. Ein kjem så inn på eit større rom som skal brukast til kontor/kontrollrom/laboratorium med kjøkkenkrok. Her blir det PC’ar og div. skjermar - til prøvebruk; både frå vassverket og ute på vassnettet. Eit teknisk rom, med alle el-skap og div. styringssystem, vil koma i tilknytning til dette rommet, samt at det er eit kontroll-vindauge der inn til kjemikalie-rommet, med plass til div. tankar. På utsida av kjemikalie-rommet står ein Stand by-augeskylle/nøddusj, i tilfelle ein får kjemikalier på seg.

Imponerande

Parti frå styringssystemet, med ventilar og pumper.Prosesshallen har, som resten av bygget, topp-moderne utstyr. Her ruvar m.a. tre seks meter høge tankar på 26.000 liter kvar. Når dei blir fulle med vatn, grus, marmor, m.m. vil dei vega 32 tonn kvar.

- Grunnen til at me har tre store tankar er for at me skal kunna levera vatn kontinuerleg. Dvs. viss me spyler og reingjer ein tank så vil me kunna levera vatn gjennom den neste. Vil forbruket vera stort så har me moglegheit å køyra alle tankane på ein gong, seier Kjell Arne Valentinsen.

Nokre meter unna finn ein to UV-tankar, som t.d. reinskar E. coli-infisert vatn, og rundt på veggane finn ein måle-/kontroll-utstyr og kranar av alle slag. Den imponerande «romstasjonen» har også ei spiraltrapp opp til kontrollbrua for dei store tankane. Kjell Arne Valentinsen er svært nøgd med vassverket.

- Her er utallige styresensorar og ventilar som gjer at operatørane kan styra systemet via dataskjerm. Nye pumper som er mange hundre kilo tunge vil sikra optimalt trykk i systemet.

Kvalitetsdrikkevatn

Kjell Arne Valentinsen (tv.) i samtale med Totmod Nygård frå leverandør Sterner.Ved Torlandsvatnet er det lagt ny inntaksleidning, pumpene er nye og det har kome ny demning. Frå Torland kjem vatnet via grovsiler til dei nye tankane. Der blir det reinska og sendt vidare til UV-tankar før det går i den store tanken på utsida av bygget, der det ferdigreinska vatnet går ut på vassnettet.

Rogfast

Bokn kommune sel ein fast antall kubikk vatn til Rogfast-prosjektet, til ein fast pris. M.a. må dei ha reinska vatn ned i røyrane sine, både i byggefasen og i framtidig tunelldrift. Når Rogfast står ferdig vil  Statens vegvesen abonnera på vatnet på vanleg måte. 

- Rogfast-tunellen vil bli vaska og spylt minst fire gonger i året, i tillegg skal Bokn kunna levera sløkkevatn viss det skulle bli aktuelt.

Vassforbruket via Rogfast vil i dei mest travle tidene bli over tredobla i forhold til dagens forbruk på Bokn, avsluttar Kjell Arne Valentinsen.

Fleire glimt (klikk på bildene for billedtekstar):

 Slideshow : Vassverket 25.01.18