Tømmestasjon for bubilar

Ordførar Osmund Våga, tv. og vaktmeister/bubileigar Egil Ognøy finn ut at tømmestasjonen ved kyrkja har posisjon 59°13'23'' N 5°26'26'' Ø. Jardar Havikbotn 29. juni opna ordførar Osmund Våga ein bubil-tømmestasjon ved Kyrkjebygd aktivitetshus. GPS: 59°13'23'' N 5°26'26'' Ø. Adresse: Grønnestadvegen 7.

Med to røyrleggarar i Bokn kommune sin vaktmeisterstab, gjekk det berre nokre dagar før tømmestasjonen stod ferdig. Ordførar Osmund Våga er naturlegvis svært nøgd med at Bokn nå har fått ein offisiell tømmestasjon for bubilar.

Tøm og tank

Tømmestasjonen har adresse Grønnestadvegen 7. Google Maps Tømmestasjonen er også ein tankestasjon. Sør for "bommelom"-mottaket ved vasken finn du ein krane med ferskvatn. Og i kummen inne i den markerte firkanten, kan ein kvitta seg med spillvatn/råvatn frå dusj og kjøkken.

Fleire bilde: