Av ordførar Osmund Våga
I sak 22/21 i kommunestyret om delegeringsreglement, vart det samstundes vedteke i punkt 2:
"2. Kommunestyret vedtek at leiar av kommuneadministrasjonen endrar tittel frå Rådmann til Kommunedirektør frå vedtaksdato for nytt delegeringsreglement."
Dermed har Ingeborg Skjølingstad oppnådd å vera vår siste rådmann og vår første kommunedirektør. Eg vil på vegne av politikarane i Bokn gratulera med den nye tittelen.
No har Ingeborg vore her i litt over eit år, stått på seint og tidleg og gjort ein god jobb, sett seg inn i ein ny organisasjon med nye medarbeidarar og rutiner, handtert utfordringar med korona og stram økonomi, og fått eit godt forhold til både medarbeidarar, politikarar og kollegaer i andre kommunar.
Eg vil ønske lykke til vidare i jobben som kommunedirektør.