Til alle husstandar på Bokn

Nå har me fått innkøyrd det nye vassverket vårt, og det ser ut til å fungera heilt optimalt.

Av Kjell Arne Valentinsen

Me har nå ein periode også levert vatn til Rogfast. Dvs. me har levert over det dobbelte av det me tidlegare har klart å levera. Både leveranse og produksjon ser bra ut.

Reingjering

Tidlegare varsla me at det vil bli reingjering av vassleidningane våre. Denne veka vil me senda rensepluggar og spyla desse. Derfor kan det vatnet bli grumsete hos nokre av dykk. Dette kan enkelt fjernast ved å åpna eit par kraner ein kort periode.

Me på teknisk ønsker dykk ein fortsatt god sommar.