TellTur-sesongen 2023

Blant dei 94 personane som gjekk alle ni tellturane på Bokn i år, har me trekt ut ein heldig vinnar av eit gåvekort på XXL på kr 1.000.

Bilde av Boknafjellet, som nok ein gong er det mest besøkte turmålet i kommunen, med 1 005 innsjekkingar. - Klikk for stort bileteBoknafjellet er nok ein gong det mest besøkte turmålet i kommunen, med 1 005 innsjekkingar. Jardar Havikbotn

Det var Kjetil Vikse frå Haugesund som fekk TellTur-gåvekortet i år – me gratulerer! Han får også ein tursekk frå Friluftsrådet Vest. Trekninga blei utført av Gro Sørensen og underteikna. Du kan sjå resultatata for Bokn her.

Les også:

TellTur 2023

Høgt turtal i Bokn

Det blir gått mykje tur i Bokn. TellTur-systemet registrerte totalt 4 839 turar til kommunens ni TellTur-mål i 2023.  Desse turane er gått av 855 forskjellige turgåarar. Boknafjellet er nok ein gong det mest besøkte turmålet i kommunen, med 1 005 innsjekkingar, med Turstien på andreplass med 785 innsjekkingar.

Til samanlikning blei det gått 19 273 TellTurar i Haugesund. Tysvær hadde 11 880 og Karmøy 11 223
registreringar.

Kvardagsturar

Dei mest brukte turane i regionen er såkalla kvardagsturar; forholdsvis lette turar i nærleiken av der 
folk bur.  Haugane rundt i Haugesund hadde 4 805 innsjekkingar og Bongsatjørna i Tysvær hadde 3 
900 innsjekkingar.  Bukkøy hadde flest innsjekkinger i Karmøy kommune med 1 542 innsjekkinger. 

Av dei litt meir krevande turmåla, hadde Alvanuten i Tysvær 1 672 innsjekkingar, medan Siggjo på Bømlo topper lista i med 570 registreringar.

Tellturar i Bokn

Ver aktiv!

I TellTur kan du konkurrera med deg sjølv om å vera meir aktiv ute, eller med andre turgåarar om å nå fleire mål i nærmiljøet ditt!

Vel møtt til nytt TellTur-år påsken 2024!