Det var Kristin Karlsen frå Vea som fekk TellTur-gåvekortet i år – me gratulerer! Ho får også ein tursekk frå Friluftsrådet Vest. Trekninga blei utført av Anne Askeland og underteikna. Du kan sjå resultatata for Bokn her.
127 turar
I år har det totalt vore 127 ulike tellturar i regionen. Her er resultata. Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest fortel at dei har fordelt premiar i fleire klassar; for 50, 100 og 127 turar, samt til dei under 13 år med minst 25 turar - i tillegg til eigen klasse for pensjonistar.
TellTur er friluftsrådenes elektroniske system for turregistrering. Kanskje DU vil vera med neste år?
Odd-Bjørn Saltnes gler seg over at snittet for den enkelte turgåar gjekk opp frå 14,5 turar i fjor til 22,2 turar i år.
- Hjarteleg velkommen til TellTur-sesongen 2019 i Bokn. Då håpar me også at sju turar blir til åtte, avsluttar han.