HighComp ber me om forståing for at andre ikkje nyttar området nede ved fabrikken.
Ann Jeanette Sunde Olaussen
Bakgrunnen er at boknarar køyrer ned på området for å sjå på utviklinga.
Les også:
Lektertransporten har starta
Administrasjonssjef ved HighComp, Ann Jeanette Sunde Olaussen, seier at dei for tida har aktivitet med truck og lastebil og tilsette ute på området. Dei har også nå høge og tunge konstruksjonar utvendig og høg aktivitet ute under opprydding.
Av omsyn til sine tilsette sin tryggleik, ber me om forståing for at andre ikkje nyttar området nede ved fabrikken, avsluttar Ann Jeanette Sunde Olaussen.