Takk for innsatsen!

Osmund Våga hadde sin siste arbeidsdag på ordførarkontoret i Bokn, 24. oktober 2023.

Bildet viser avtroppande ordførar Osmund Våga på sin siste arbeidsdag, 24.10.23. - Klikk for stort bileteAvtroppande ordførar Osmund Våga på sin siste arbeidsdag, 24.10.23. Jardar Havikbotn

54-åringen har styrt Bokn-skuta dei siste fire åra, og seier det har vore kjekt, interessant og lærerikt.

-Eg har fått treffa mange folk og har prøvd å gjera det beste for Bokn, seier han.

Tilbakeblikk

-Det viktigaste eg har vore med på som ordførar er å bygga ny skule, og eg har inntrykk av at folk er fornøgde med han.

Han nemner også oppføringa av dagsturhytta Kongsbu i Kongshamn, klatrepark i Føresvik, og at kommunen er i sluttfasen i arbeidet med kommuneplanen.

Utfordringar og gleder

Og så sjølvsagt den spesielle koronapandemien, som sette sitt preg på dei to første åra i hans ordførarperiode.

-Koronaen lagde ein del problem for oss, men me kom oss greitt gjennom han, skyt han inn.

Bilde av Osmund Våga. - Klikk for stort bileteTakk for innsatsen, Osmund! Jardar Havikbotn

Osmund Våga fortel at ny E39 over Bokn har vore den vanskelegaste saka den siste tida.

-Her er me ikkje veldig nøgde med korleis Vegvesenet har handtert E39. Me vil ha litt meir kontroll på korleis det prosjektet blir gjennomført. Her kjem snart eit planprogram på høyring, så siste ord er ikkje sagt i saka, seier den avtroppande ordføraren engasjert.

Godt samarbeid

Det er mykje meir hyggeleg å tenka tilbake på det gode samarbeidet i kommunestyret gjennom perioden, og at kommunen ser ut til å ha vore driven på ein god måte, med gode økonomiske overskot.

-Ja, me har jobba saman for det beste for Bokn og lagt til rette for at Bokn framover skal utvikla seg vidare.

Dette, i tillegg til skulebygging er det Osmund Våga har gleda seg mest over dei fire siste åra

-Kva trur du boknarane vil hugsa deg for som ordførar?

-Kanskje for at me gjennomførte bygginga av ny skule.

Lys framtid

Han trur at framtida til Bokn kommune er nokså lys, og nemner at Rogfast nærmar seg og at me blir tettare knytta mot Stavanger.

-Det blir sannsynlegvis meir populært å bu på Bokn, og me må legga til rette for at folk kan pendla både sørover og nordover frå Bokn.

Osmund Våga seier også at tilrettelegging av fleire tomter er viktig, og noko som blir jobba med. Dei håpar å få vedtatt kommuneplanen i slutten av året, eller byrjinga av neste år.

Viktig føresetnad

-Me ser antyding til vekst i folketalet. At folketalet aukar langsomt framover, er ein viktig føresetnad for at me skal fortsetta som eigen kommune. Jamn folkeauke er viktig, meinar han.

Nå skal han snart tilbake til jobben i oljeservicefirmaet Archer, der han driv med opplæring av offshore-arbeidarar.

Osmund Våga ønsker den nye ordføraren lykke til i jobben.

Takk for innsatsen, Osmund!