Strandrydding

Frå Vågholmane 2017.Oppfordring til fastbuande og hyttefolk på Bokn. 

Som i fjor vår set Bokn kommune, lag og organisasjonar og andre samarbeidspartnarar fokus på marin forsøpling, og arrangerer strandryddedag 5. mai - same dag som den nasjonale

Fleire hyttelag rapporterte førre år om gode dugnadsøkter, og me set stor pris på medverknaden til eit reinare Bokn. Me håpar også at ein går saman i 2018 og vil gjera ein innsats. 

Kart

Det er laga eit kart etter fjorårets ryddeprosjekt, basert på innrapporteringar. Dersom det er område her som burde vore markerte, ikkje nøl med å ta kontakt slik at me kan få oppdatert kartet. Me ønsker å få så god oversikt som mogleg. Det vil også bli laga kart i år, og me er svært takksame for å få inn slike kartmarkeringar, enten på mail eller SMS på 98 22 15 08.

Containerar

Jardar Havikbotn I samband med sjølve strandryddedagen 5. mai blir det som i fjor plassert ut containerar på kaiane i Føresvik, Tåganes, Alvestadkroken, Hognaland i tillegg til Ognøy og Bokn Arena. Det blir henteordningar for dei som ikkje får frakta bort bosset sitt sjølv. Gi melding om søppelmengde og kor me kan henta det. 

Spørsmål, kontakt Kjell Arne Valentinsen på tlf. 922 422 75.

Meir praktisk info om årets prosjekt vil koma seinare.