Strandryddedagen 2020

Klikk for stort bileteKlar til innsats; ordførar Osmund Våga. Jardar Havikbotn Ordførar Osmund Våga skal plukka søppel på laurdag. Bli med, du også!

Dei tre siste åra har over 300 boknarar og hyttefolk gjort ein fantastisk innsats mot marin forsøpling, og samla inn rundt 20 tonn avfall.

Og det nyttar; det blir mindre søppel for kvart år, dessutan får ny plast som kjem inn ikkje tid på seg til å bli oppløyst i mikroplast, som er ekstra farleg for livet i havet.

Årets strandryddedag, som blir arrangert i den nasjonale strandryddeuka - https://holdnorgerent.no/strandryddeuka/ -, er koronautsett frå i vår. Det kjende viruset gjer også at Strandryddedagen 2020 blir utan depot, med utdeling av ryddeutstyr og mat. I staden vil slikt utstyr bli utplassert på bestemte stader. 

Alle registrerte deltakarar vil vera med i trekninga på T-skjorter m.m. Me håpar på fint vér og at mange vil vera med 19. september!

Det vil koma meir info på eventet utover i veka.