Av Jørgen Nilssen
Tobias, Jens og Eline med god fangst frå Knarholmen til Sandvika.
Privat
Det er mykje mindre søppel enn for fleire år sidan. Likevel klarte me i år å samla inn nesten to fulle konteinarar med boss. Mengda søppel viser viktigheita av strandryddeaksjonen.
80 stk.
Omtrent 80 stk. har delteke i dugnaden. I tillegg har Bokn skule gjort ein flott jobb med rydding langs vegkantar og fellesområde til 17. mai.
Tusen takk til Friluftsrådet Vest, Coop Prix, Grieg Seafood, Skanska, Bokn kommune og alle andre som har bidrege for å gjennomføra aksjonen i år!
Me satsar på å gjennomføra strandryddeaksjonen til neste år også!