Stor innsats for andre!

Bak fv. Thea Annabelle Maritz, Linn Kristin Aspenes Pedersen, Andrea Austhamn Dahle, Magne Røsdal Lund, Johannes G. Alvestad, Lars Erik Øvrebø og Emilia Ufnal. Sitjande fv. Jarl Kro Medhaug, Noah Hesthammer og Andreas G. Alvestad. Sofie Alise Grønnestad var ikkje til stades då bildet blei tatt. - Klikk for stort bileteBak fv. Thea Annabelle Maritz, Linn Kristin Aspenes Pedersen, Andrea Austhamn Dahle, Magne Røsdal Lund, Johannes G. Alvestad, Lars Erik Øvrebø og Emilia Ufnal. Sitjande fv. Jarl Kro Medhaug, Noah Hesthammer og Andreas G. Alvestad. Sofie Alise Grønnestad var ikkje til stades då bildet blei tatt. Jardar Havikbotn Valfaggruppa ved Bokn skule, Innsats for andre, har stått for ei stor bragd i samband med årets TV-aksjon.

Dei tre siste fredagane har dei selt vaflar på skulen, både i brakka og i bygget med Auditoriet. I dag selde dei også i første etasje på Boknatun.

Dei fekk inn heile 2 340 kr. Den flotte summen går til TV-aksjonen.

Fleire lesarar har nok sett fleire av dei før, på Coop Prix Bokn. Det er nemleg dei som har selt lodd til skulebasaren. Fleire av dei skal også vera bøsseberarar på sundag, saman med foreldra sine.

Tusen takk for innsatsen!