Boknafjordtunnelen nord
Kart som viser utført sprenging. I hovudtunnelen er det raud farge frå sør, og grøn frå nord. På Kvitsøy pågår det sprenging inn mot krysset med hovudtunnelen.Då er vi komne fram til siste informasjonsbrev i 2024. Vi kan konstatera at det har vore eit godt arbeidsår med stor aktivitet. Ca 1/3 av kontraktarbeidet som Skanska utfører er no utført.
For tunnelsprenginga var det ein litt trøblete november med mykje inntrenging av vatn i tunnelen. Desember har vore betre med meir normal hyppigheit av vasslekkasje som må tettast. Bergkvaliteten er god, og det ligg dermed til rette for ein periode med god framdrift på tunnelsprenging i retning Kvitsøy.
Til no er det sprengt ca 5,4 km i det eine tunnelløpet, og 5,5 km i det andre løpet mot Kvitsøy. Dette utgjer 60% av tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn.
Vi held fram arbeidet med leiting og rydding av raud-oransje koplingsboksar. Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no
Arbeid med tetting av vasslekkasje i fjellet.
Knut Håvarstein Hausken, Statens vegvesen
Som nent innleiingsvis er det stor anleggsaktivitet på Bokn. Vi håpar dette ikkje er til for stor ulempe for de som held til i området. Dersom de har forhold de ønskjer å ta opp, eller ønskjer forbetringar på noko, så kan de kontakta oss på den same e-postadressa rogfast@vegvesen.no
Juleferie
Juleferien på Rogfastanlegget på Bokn startar i løpet av fredag 20. desember. Anleggsarbeidet vil starta opp att i løpet av torsdag 2. januar 2025.
Grunnarbeid for teknisk bygg i tunnelen.
Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen
Med dette ønskjer vi frå Rogfast Bokn ei god jul, og godt nyttår til alle!
Helsing
Odd Erik Haugen
Prosjektleiar, Statens vegvesen
Mykje arbeid med vegoppbygging, grøfter, røyr og kummar.
Raed Qader Jasim Al-Hamadani, Statens vegvesen
Tunnelinngangen ved Laupland der det no er starta arbeid med betongportal.
Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen
Armeringsarbeid for tunnelportal.
Edgar Jusnes, Statens vegvesen
Lektertransport i solnedgang ved Arsvågen.
Raed Qader Jasim Al-Hamadani, Statens vegvesen