Boknafjordtunnelen nord
Første gjennomslag på Skanska-kontrakten på Bokn. Politikarar og kommunedirektør frå Bokn, framme fv.: Edgar Våge, Per Helge Sunde, Arne Hosaas, varaordførar Rannveig F. Øvrebø, Sigmund Alvestad, ordførar Egil Våge. Til høgre på rekka: Osmund Våga og kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad.
Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen
Også siste månaden har det vore gode forhold for tunneldrivinga, tunneldrivinga går godt, men enkelte periodar med innlekkasje av vatn som heftar litt.
I hovudløpa er det no sprengt ut ca 5000 meter i det eine tunnelløpet, og 5150 meter i det andre løpet, dette er 55 % av den tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn. Frå oktober/ november vil ein gå frå tunnelsprenging på 6 stuffar til berre 2, så farten på sprengingsarbeida vil gå kraftig ned og det blir færre lekterar å sjå på fjorden.
Måndag 16. september nådde vi en viktig milepæl på Rogfast med at det vart gjennomslag i det eine tunnelløpet ca 1 km inn forbi tunnelpåhogget på Laupland. Det var Bokn-ordførar saman med skytebas Gunnar Lofthus i Skanska som fekk æra av å fyra av den siste salva. Også kommunedirektør og formannskapet i Bokn kommune deltok på markeringa. Skanska med tunneldrivarane i spissen har levert ein solid jobb så langt utan at det har vore alvorlege ulykker. Dette lovar godt for fortsettelsen.
Første gjennomslag på Skanska-kontrakten på Bokn. Ordførar Egil Våga fyrer av den historiske salven.
Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen
Gjennomslag i naboløpet er venta om ca to veker, medan sluttgjennomslaget mot naboentreprisen frå Kvitsøy er venta i 2028.
I tunnelen held etterarbeidet fram, og vil auka no etter gjennomslag, med m.a. grunnarbeid, forskaling- og betongarbeid og vass-sikring i sideareala.
Veg ute i dagen
I dagsona, frå kryss med eksisterande E39 og ein kilometer mot tunnelopninga, er det i perioden lagt asfaltert bærelag. Øvste asfaltlag vil bli lagt i ein eigen entreprise nær opp til vegopning.
Sjøtransport av steinmassane
Utfylling Nyholmen ved Føresvik.
Odd Arne Helvik, Skanska
Lektertransportane med tunnelstein til Husøy og til Føresvik går godt. Ved Føresvik er no 76 % av steinmassane på plass, og på Husøy er det 70 % ferdig utfylt.
Framover er det forventa mindre koplingsboksar av plast på avvege langs strendene då tunnelproduksjonen blir redusert med 2/3-deler, samt at ein større del av tunnelsteinen vil bli plassert over havnivå. Men vi held fram arbeidet med rydding. Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no