Status, Rogfast - E04 Bokn

Her kjem informasjon frå Statens vegvesen medio august 2024.

Boknafjordtunnelen nord

Bildet av illustrasjon over framdriftsplan. - Klikk for stort bileteFramdriftskart E39 Rogfast pr. juni 2024. Grøn farge viser sprengning frå Bokn. Illustrasjon Statens vegvesen.

Bergforholda for tunneldrivinga varierar ein god del. Heldigvis, i siste periode til det betre. For dei tre vekene etter sommarferien har vi totalt for dei seks angrepspunkta i hovudtunnelen sprengt 650 meter.
I hovudløpa er det no sprengt ut 4600 i det eine og 4800  meter i det andre løpet, dette er 51 % av den tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn.

For lettare å forstå korleis vi sprenger på seks stuffar legg vi ved siste oppdaterte framdriftskart frå juni. Grøn farge er ferdig utsprengt tunnel frå Bokn. Ved hjelp av tverrslag frå Arsvågen så har vi fire angrepspunkt frå krysset med hovudtunnelane, to tunnelløp mot sør (Kvitsøy), og to løp mot nord (Bokn). I tillegg sprenger vi i begge tunnelløpa frå Bokn. No nærmar det seg fort at arbeidslaga frå sør møter arbeidslaga frå nord, og vi vil då få det vi kallar eit gjennomslag. Tidspunktet for dette er endå usikkert, men kan bli om ca ein månad eller vel så det - avhengig av bergforhold og elles produksjonsprioriteringar.

Bildet viser godt fjell på tunnelstuff mot Kvitsøy.  - Klikk for stort bileteGodt fjell på tunnelstuff mot Kvitsøy. Magnar Tuntland, Statens vegvesen

Neste gjennomslag i retning Kvitsøy er venta å bli i 2028, men dette er veldig avhengig av bergforhold og innlekkasje.
I tunnelen pågår det også betongarbeid for pumpearrangement og oljeutskillar i ein av dei seks pumpestasjonane, samt grunnarbeid for tekniske bygg og tverrforbindelsar.

Veg ute i dagen

I dagsona, frå kryss med eksisterande E39 og ein kilometer mot tunnelopninga, er det stor aktivitet med klargjering for asfaltering som startar no.

Sjøtransport av steinmassane

Bilde av den nye "bydelen" med både bustader og næring.  - Klikk for stort bileteTunnelstein frå Rogfast blir mellom anna utfylt ved Føresvik. Her blir det ny «bydel» med både bustader og næring. Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen

Lektertransportane med tunnelstein frå anleggskaien ved Arsvågen går både til Husøy og til Føresvik. Ved Føresvik er massane no kome opp frå djupet og er godt synlege. Det er fylt godt over halvparten av det som er nødvendig for å utvida Føresvik med ein ny «bydel» med både bustader og næringsareal.

Når vi snart får reduksjon på 67%  i tunnelsprenginga, frå seks til to stuffar, så blir det naturlegvis tilsvarande mindre massar som vil bli transportert med lekter.

Vi held fram arbeidet med rydding av koplingsboksar langs strendene. Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no

 

 

Bildet viser siste klargjering før asfaltering frå kryss med eksisterande E39 og inn mot tunnelopninga.  - Klikk for stort bileteSiste klargjering før asfaltering frå kryss med eksisterande E39 og inn mot tunnelopninga. Raed Quader Jasim Al-Hamadani, Statens vegvesen