Spørjeundersøking

Frivillighet Norge-logo frivillighetnorge.no Denne veka vil frivillige lag og organisasjonar i Bokn motta ein mail frå organisasjonen frivillighetnorge.no med ei spørjeundersøking. Svara skal vera med og danna grunnlaget for ein plan for samordning mellom kommunen og frivillig sektor.

Den frivillige arbeidsinnsatsen i dei frivillige organisasjonane i Norge tilsvarer 142 000 årsverk (SSBs satellittregnskap for frivillig sektor 2019) og heile 63 % av befolkninga (over 15 år) har gjort frivillig arbeid i løpet av det siste året (Frivillighetsbarometeret 2019). I Bokn kommune finn ein eit utval frivillige lag og foreningar; aktiviteten vert høgt verdsatt og kjem mange til gode.

Bokn kommune ynskjer å tilretteleggje for enno betre samarbeid både mellom kommunen, næringslivet og frivillig sektor, men og mellom frivillige lag og foreningar direkte. Ein har ofte også mykje å hente på samarbeid mellom lokale og regionale nivå. Det er difor politisk vedtatt å utarbeide ein plan for samordning offentlig/frivillig sektor. Det vil falle heilt naturleg at planen vert utarbeidd i samarbeid mellom fleire ulike aktørar der frivillig sektor utgjer den utvilsomt viktigaste av desse.

Som eit fyrste ledd i dette arbeidet vil frivilligetnorge.no bidra i å kartleggje frivillig sektor i kommunen. Frivillige lag og organisasjonar vil motta ein mail frå organisasjonen frivillighetnorge.no med ei spørjeundersøking. Spørjeundersøkinga vert sendt ut med mål om å gje svar på både utfordringsbiletet for sektoren og på forbetringspotensialar for godt samarbeid. Bokn kommune har fått midlar frå Rogaland fylkeskommune til dette arbeidet. Midlane vil, i tillegg til å få utført kartlegginga av sektoren, verta brukte på tilrettelegging for innbyggjarinvolvering/medverknad.