Sorteringshjelp på kjøkkenet

Me har fått inn kildesorteringsplakatar og “vippetassar” som skal hjelpa deg å sortera avfall på kjøkkenet.

Bilde av servicetorgleiar Gro Sørensen med plakat og "vippetassar". - Klikk for stort bileteSortering med eit smil; Servicetorgleiar Gro Sørensen med plakat og "vippetassar". Jardar Havikbotn

Plakatane kan til dømes hengast på baksida av “avfallsdøra” - og “vippetassen” under kjøkkenbenken. Ved å halda mobilkameraet over QR-kodane på produkta, kjem du også til nettstaden sortere.no

Les meir her:

Få sorteringshjelp på kjøkkenet

Du får dette utdelt i servicetorget på Boknatun (kl. 08:30 - 15:00)