Kommunestyret hadde det siste møtet før ferien, tysdag 16. juni.
Der blei rekneskap og årsmelding lagt fram og godkjent.
Ein annan stor sak er hovedplan for vann og avløp. Godt å få denne på plass med tanke på utbygginga i Føresvik og framdrift i lag med utbygginga av Føresvikvegen. Reguleringsplanen for Føresvikvegen er godt i gang og omsetting av reguleringsplanen kan skje til neste år.
Gå gjerne inn i møteplan og les kommunestyresaken frå 16.06.26:
Møteplan - styre, råd og utval - Bokn kommune
Det har vore eit innhaldsrikt og travelt halvår med mange viktige saker på agendaen, og det var godt å få runda av dei politiske diskusjonane før me tek ein velfortent sommarpause.
E-sport rommet i biblioteket er ferdig og klar til bruk, håpar det blir eit populært tiltak.
Uteområdet i barnehagen er ferdig, dette var ei etterlengta oppgradering og nå er eit nytt og flott leikeområde på plass.
Brannstasjonen er også ferdig, eit flott bygg som Haugaland Brann og Redning kan overta etter sommaren.
Vitnemål 2026
Wenche Havikbotn
Og når skuleavslutninga til 10. klasse med utdeling av vitnemål og verdibrev er unnagjort ja då er det ferie! 😎🌞
No rettar me blikket framover mot det som ligg framfor oss til hausten. Men først skal me nyte sommaren! Bokn er på sitt aller finaste nå, og eg håpar alle får deilige veker med sol, lyse kveldar og gode opplevingar – enten de skal tilbringa ferien heima, i naustveggen, i båten eller ut å reise.
Bokn har flott natur med skjærgård og fine turstiar så her kan ein nyte gode dagar.
Eg vil retta ein ekstra stor takk til alle dei som held hjula i gang i helse, omsorg og andre kritiske tenester gjennom sommarmånadene.
Juligjengen gjer ein fantastisk innsats!
Ta vare på kvarandre, nyt dei gode dagane, og køyr forsiktig enten det er med bil eller båt!
Med ønske om ein strålande, trygg og god sommar! 😎🌞
Beste helsing
Egil Magne Våge
Ordførar Bokn kommune