Sommarbesøksrekord

Jardar Havikbotn Bokn historielag er veldig godt fornøgd med at 115 personar har besøkt Bokn bygdemuseum denne sommaren.

Det viser seg at sommarope museum er ei suksessoppskrift, særleg når det er fint vér, noko sommaren 2018 har hatt svært mykje av.

Åtte sundagar frå juni til august har kunnskapsrike personar frå Bokn historielag tatt imot fastbuande boknarar, hyttefolk og turistar, til den sjarmerande utstillinga i det gamle ungdomshuset på Håland. Dette var sjette året på rad med denne ordninga.

- Og er det noko me lurer på, har Eivind Øvrebø svaret. Han er eit levande leksikon, seier leiar Martin Trosnavåg fornøgd.