Av Anne E. Askeland
I strålande fint ver, og helst i overkant mange varmegrader, vart vi ynskte hjarteleg velkomne av ei travel, men imøtekommande vertinne. Kari Christensen tok oss med inn i kortversjonen av mange av dei flotte historiane som er å fortelja både frå garden og frå funn gjort under oppussinga av sjøhuset. For som ho sjølv seier:
- Vi har vore på historiejakt med kost og grønsåpe, vi blei revne med og berre kjekkare blei det, etterkvart som dei historiske skattane openbarte seg.
Betydningsfulle funn
Det er lagt ned svært mange timar i oppussing av det raude sjøhuset, funn som er gjort der inne er betydningsfulle i både lokal, men også internasjonal samanheng og vi var alle einige om at historiane gjorde oss lystne på å høyre enno meir. For, kven var det Joseph og Fanny selde båten sin til? Kvifor har delar av den havna i Krovågen? Og for ikkje å gløyma tankane som kjem til deg når vi får høyre om forliset av "Ingermanland". Tankane; om alle dei som ikkje kom heim att.
Det var eit historisk og mystisk sus over avslutninga til Gla`trimmen denne gong. Vi kjenner på at vi får lyst til å vite meir. Det spørs om vi ikkje lyt ta turen innom Kari og Olav att ved ei seinare anledning og. Men, no: Tusen hjarteleg takk for oss, Kari!