Sommar for barn i Dokken museum

Klikk for stort bileteFrå Dokken museum. haugalandmuseet.no Tysdag og torsdag kl. 12:00 gjennom heile sommaren kan du bli med på barneaktivitetar i Dokken, på Hasseløy i Haugesund.

Sjå aktivitetsoversikt (PDF, 2 MB)

I tillegg til omvising i husa kan du også bli med på skattejakt, gå på stylter, låna robåt og prøva deg på aktivitetar knytta til tau og taljer.

- I Dokken er det kiosk, museumsbutikk, WC og god parkering. Bli med og leik, seier Grethe Lunde Øvrebø i Haugalandmuseet.