Elevar vil selja lodd etter skuletid denne veka og veke 42. Folk kan betala med kontantar eller Vipps til Bokn kommune – 52796. Basarbøker er utlagde på Coop’en, Sjøbris og Bokn bibliotek. Der vil dei bli liggande til 20. oktober.
Det blir heller ikkje i år arrangement i Bokn Arena, men resultatet av trekninga vil koma på nettsidene og infoskjermane til Bokn kommune, fredag 22. oktober kl. 10.
Gevinstar
Som vanleg er bygdafolk velkomne med gevinstar til basaren. Gevinstar kan sendast med elevar, eller leverast på skulekontoret i brakka (2. etg.) Frist: onsdag 20. oktober.
Kvart år bidrar skulebasaren sterkt til at Bokn er blant dei mest gavmilde kommunane i landet – kjøp lodd!
Årets tema
TV-aksjonen NRK Plan 2021 den 24. oktober går til Plans arbeid for å bekjempa barneekteskap. Barneekteskap bremsar utvikling og opprettheld fattigdom. Der jenter blir gifta bort som barn og mistar moglegheita til å gå på skule, aukar risikoen for at dei blir utsette for vald og overgrep. Dei mistar retten til å bestemma over eige liv og kropp.
Årets TV-aksjon skal nå ut til tre millioner menneske for å få slutt på barneekteskap i Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Saman skal me gi jenter moglegheita å velja si eiga framtid og via seg til livet.