Skulebasaren 2018

Linda Ognøy Det kom inn 40.726 kr. på årets skulebasar. 40.000 kr. er allerede registrert som gåve til årets TV-aksjon (forskot Bokn kommune), og det vil bli sendt 726 kr. til.

Dette er eit fantastisk resultat, og det er berre rekordbeløpet frå 2016 på 42.058 kr. som er høgare. 

Basaren blei avvikla etter same oppskrift som då han starta i 2003: ordførarappell, korsong småskulen, loddsal mellomtrinnet, rigging 8. og 10. kl og matlaging og -sal 9. kl. I år var det også innlegg frå ein representant frå Kirkens Bymisjon i Haugesund før loddsalet tok til.

- Det var godt oppmøte og me er veldig fornøyde med resultatet, sa Ina V. Tangen etter basaren, som saman med Bianca Alvestad stod for organiseringen av årets skulebasar. Frode Lindanger batt saman programmet.

Glimt frå hendinga. Foto Jardar Havikbotn