Skulebasaren 2017

Frå skulebasar 2016.

Bokn skule inviterer til skulebasar nr. 15 i samband med TV-aksjonen, fredag 20. oktober kl. 10.00 - 12.30 i Bokn Arena.

Den tradisjonsrike hendinga bidrar kvart år sterkt til at Bokn er blant dei mest gavmilde kommunane i landet, og programmet følger fast opplegg. M.a. vil 1. – 4. kl. synga og ordførar Tormod Våga vil halda appell.

Som vanleg er bygdafolk velkomne med gevinstar til basaren. Rektor opplyser at desse enten kan leverast til skulen i løpet av neste veke (nr. 42), eller ein kan ta dei med seg på basaren.

Forutan loddsal (10 kr. pr. lodd) blir det drøs, sal av kaffi, saft og heimebakst.

I fjor blei det sett ein fantastisk rekord på kr. 42.058,- Vil du vera med og slå han er det berre å setta av føremidddagen den 20. oktober - velkommen!

Frå TVA 2017