Sjøbris kafé

Fv. Linn Kro og Kristine Eike ønsker velkommen til kaféen Sjøbris. Jardar Havikbotn 11. juni opna kaféen Sjøbris dørene, ein etterlengta møteplass for innbyggarar, hyttefolk og turistar.
Opningstider: Tysdag-Laurdag kl. 9-19
Sundag kl. 12-18

- Eg har sove to timar i natt, sa ei lett nervøs Linn Kro.

- Eg er overvelda over alle dei gode tilbakemeldingane. Folk er så glade på våre vegne, fortalde ei rørt Kristine Eike då underteikna, litt før kl. 9, i nyoppussa og koselege lokale, hadde ein liten prat med damene, som har skapt sine eigne arbeidsplassar.

Møteplass

Både ordførar og varaordførar var til stades. Varaordførar Lene Ognøy Foss sa nokre ord og overrekte blomar, på vegne av Bokn kommune - før innehavarane sjølve klipte snora.

Det blei eit rørande og gripande augeblikk då ein flott tale blei akkompagnert av småskjelvande røyster og tåretørking - noko som understreker at denne realiseringa betyr mykje for mange.

Talen tok for seg historia frå då Kristine Eike og Linn Kro snakka saman om idéen og draumen på julemessa i Bokn Arena 3. november 2019 - og fram til opninga 11. juni 2020.  

Kafé og litt te

Anna Maria Stef og Hilde-Gunn Alvestad var dei første kundane på den nye kaféen. Den første halvtimen var det konstant kø framfor disken, god stemning med besøk av TVH og sjampanjemarkering.

- Her vil me skapa aktivitet, fortel Kristine entusiastisk. Eg trur sommaren kan gi oss ein god start. Eg trur folk er sultne på dette og har venta lenge.

- Når hausten begynner å nærma seg skal me skapa litt arrangement og temakveldar, som t.d. strikking, quiz'ar og gjerne litt musikk, m.m., seier ho, og legg til at dei allereie har fått fleire gode samarbeidspartnarar, som t.d. blomsterforhandlar "Frøken Magnolia" og "Emilie's Holmalam". 

- Det er kjempekjekt med den fantastiske responsen. Det var det me håpte på, og me vil jobba for at me skal vera eit samlingspunkt for Bokn. Det er nemleg noko alle treng, både unge og gamle, seier Linn.

- Me har lyst å visa kva Bokn har å tilby, det er eitt av måla våre; å få fram Bokn på ein god måte.

Damene er veldig fornøgde med slagordet sitt; Kafé og litt te.

Catering

Kristine kan fortella at dei før opningsdagen har hatt ein del bestillingar når det gjeld catering.

- Folk kan ta opp bestillingar på Facebook eller ta kontakt med oss på telefon.

Dei held på å laga menyar til bedriftar. Førebels er menyen lunsjrettar (wraps, salatar, smørbrød), ikkje varmrettar. Dei sel suppe i kaféen, med takeaway-ordning.

4 på kafé

4 på kafé Jardar Havikbotn Hilde-Gunn Alvestad 

- Dette var heilt topp! Dette må me støtta opp om. Kjempekjekt at dei lagar til noko - at me har ein plass me kan komma og ha oss ein kaffi og treffast. Og at me kan ringa og bestilla mat. 

Ana Maria Stef

- Dette er perfekt - at me berre kan komma her og ta ein juice og sitta her og kosa oss. Også er det bra for ungdommar som ikkje har ein plass å vera.

Lars Ove Vatnaland

- Det betyr mykje for bygda, me saknar det - ein plass å møtast. Eg berre håpar folk brukar det nå når me har fått det. Det er viktig!

Kaj Arne Christiansen

- Dette blir bra! Viktig å halda lokal næringsverksemd oppe. Bra å ha eit samlingspunkt, det har vore sakna i mange år. Dette er kjempegreier for ungdommen.

Gratulerer og lykke til vidare!

 

Glimt frå dagen