"Så godt som eg kan"

Laurdag 6. april stod stikkorda pågangsmot, vilje og livsgnist i fokus då det var privat visning av ein gripande dokumentarfilm om Ove Alvestad.

BILDE AV SPENT GJENG FØR PREMIEREN: Fv. Sebastian Flå, Hermine Lindanger, Ove Alvestad, Jon Henrik Aas og Ole Kristian Bjørnerud Børset. - Klikk for stort bileteSPENT GJENG FØR PREMIEREN: Fv. Sebastian Flå, Hermine Lindanger, Ove Alvestad, Jon Henrik Aas og Ole Kristian Bjørnerud Børset. Jardar Havikbotn

Den 65 år gamle boknaren har levd med muskelsjukdommen PLS i 10 år (PLS er ein variant av ALS). Gjennom filmen får me innblikk i diagnosen hans og dei utfordringane han møter.

Moglegheiter

Ove deler opplevingar om å bli behandla annleis på grunn av sjukdommen, og korleis det kjennest å ikkje bli møtt med forståing.

Sjølv om han har møtt desse utfordringane og lever med ein uhelbredeleg sjukdom, held Ove motet oppe. Synet hans på livet og dets utfordringar er både inspirerande og verd å merka seg. Derfor er dette ikkje berre ein film om sjukdom, men om moglegheiter.

Lokal produsent

Filmen er laga av fire personar. 21 år gamle Hermine Lindanger, som står bak dokumentaren om Eivind Øvrebø, var produsent, og hadde ansvaret for å halda alt i gong.

-Eg kommuniserte med Ove og alle involverte, organiserte opptaksløyve, gjennomgjekk 40 timar med arkivopptak, skreiv tekstar, budsjett og referat, og arrangerte visningar, fortel boknaren, og legg til at det var utfordrande, men samarbeidet med flinke folk gjorde det givande.

Bilde av ordførar Egil Våge og Ove Alvestad. - Klikk for stort bileteOrdførar Egil Våge var blant alle dei som gav Ove Alvestad god tilbakemelding etter filmen. Jardar Havikbotn

Takksam hovudperson

-Eg står inne for filmen, men det var tøft å sjå han i lag med så mange; familie, venner og kjende, seier Ove Alvestad.

-Tilbakemeldingane til meg har vore berre positive, og eg har fått veldig mange! Det som varmar mest er at den nære familien er glade for filmen og rosar både filmmakarane og filmen.

-Eg er takksam for alle gode ord eg har fått og eg vil og takka Hermine og gjengen for at eg fekk høve til å fortella mi historie på min måte. Bokn og Torland framstår som perlene dei er når sola skin!, fortel ein rørt hovudperson.

Takksam produsent

Filmteamet har sendt filmen til kortfilmfestivalar og håpar han når TV.

Hermine Lindanger - Klikk for stort bileteHermine Lindanger Maiken Olsen

-Det har vore ei utruleg lærerik oppleving å laga filmen. Ove har inspirert oss til å setta pris på dei små gledene i livet. Me håpar filmen gir sjåarane eit nytt syn på livet. 
-Takk til Ove for ei fantastisk historie og eit vennskap for livet, seier Hermine Lindanger.

Fotografdraum

Ho fortel at ho håpar å komma inn på TV-skulen på Lillehammer til hausten, og studera einkamerateknikk med spesialisering i foto.

-Fotograf innan dokumentarproduksjon er draumen, fortel ei som dei to siste åra har budd i Oslo og arbeidd i TV-bransjen som frilansar - hovudsakleg innan realityproduksjonar.

I løpet av dei to siste åra har Hermine m.a. jobba med Skal vi Danse, Alle mot 1, Forræder, Kompani Lauritzen, Portrettmesterskapet, Jakten på Kjærligheten, 71 grader nord og Love Island.

-Eg føler meg så heldig som får bruka kvardagen min på så kule produksjonar med så utrulig mange kjekke folk, seier ho.