Rivinga har starta

Rett før rivinga starta. - Klikk for stort bileteRett før rivinga starta. Bjørn Helge Laupland Måndag 19. april kl. 12 starta rivinga av Bokn skule. Arbeidet vil halda på i inntil åtte veker.

Det er Kvia Entreprenør som utfører arbeidet. Prosjektleiar for riveprosjektet, Bjørn Helge Laupland, fortel at dei i førre veke gjekk og plukka skulen rein innvendig. Mellom anna blei alt glas og vindauge tatt ut, og synleg el.-avfall.

Kjeldesortering

- Slik sparar me oss for ein del sortering med maskinane, seier Bjørn Helge Laupland.

Prosjektleiar for skulerivinga, Bjørn Helge Laupland. - Klikk for stort bileteProsjektleiar for skulerivinga, Bjørn Helge Laupland. Jardar Havikbotn Dette prosjektet har nemleg krav om 60% sortering, og som sjølvsagt er tidkrevande. Å berre jamna bygget med jorda hadde gått fort.

Bjørn Helge Laupland seier dei mellom anna sorterer ut el.-avfall og tre - og ikkje minst betong, som er ein stor del av tyngden av avfallet. Betongen skal knusast for å få ut armeringa. Sorteringa skjer både med maskin (som ein kan sjå i videoen under Dagens bilde) og for hand.

Det er Franzefoss som køyrer bort avfallet.

Nostalgi

- Ting vil bli skikkeleg synlege når maskinane kjem inn til gymsalen og betongelementa, avsluttar Bjørn Helge Laupland.

Den gamle gymsalen og kulturstova. - Klikk for stort bileteDen gamle gymsalen og kulturstova. Jardar Havikbotn Og det var ekstra spesielt for underteikna å gå gjennom gymsalen i går, medan maskinane dura utanfor. Som musikklærar og kultursjef har eg hatt mykje å gjera med sjølve kulturstova i Bokn, før Bokn Arena kom i 2016.

Historikar Birger Lindanger synest det er vemodig.

- Ja, det er litt trist. Dette bygget har jo romma så mangt: skule, helsesenter, bibliotek, kommunestyresal, festlokale, for å nemna noko. I mange år som eit hjarta i Bokn, staden der me treftest. Vemodig, seier han.

Marie Vågshaug hadde siste skuleåret sitt her då skulen var flunkande ny i 1973. 

- Eg har mange flotte minne frå det bygget, både frå kvardag og fest; 17. mai-feiringar, fiskarfest, bygdekveldar, kino, konsertar, bygderevy, bryllaup, partidebattar før val, basarar, osv. Ikkje minst har eg hatt ein god og triveleg arbeidsplass der også. Men det blir heldigvis ny 1. - 9. skule på Bokn, seier Marie Vågshaug.

Det passar å sitera tidlegare skulesjef, Jan Spurkeland, som i dag skriv:

"Minnerikt bygg som må vike for noko betre!"

Den nye skulen er planlagd innflyttingsklar i 2023.

Bilde frå den første rivingstimen: