Riving etter planen

Etter to veker med sanering, vil rivinga bli merkbar i neste veke.

Bilde av den sørlegaste Bokn Plast-bygningen. - Klikk for stort bileteNeste veke startar rivinga av den sørlegaste Bokn Plast-bygningen. Egil Våge

Området er ein del av reguleringsplanen til Nyholmen, og arbeidet med å riva dei historiske bygningane starta siste veka i august. Denne veka har dei begynt å plukka av på sjøsida. Arbeidet er tidkrevande pga. krav til kjeldesortering.

Rivinga vil bli meir synleg neste veke.

Les også:

Startar riving

Ordførar, varaordførar og kommunedirektør var og sjekka forholda 5. sept. Her er nokre bilde frå inntrykka deira:



Korleis Bokn Plast etablerte seg på Bokn

Hausten 1969 fekk kommunen kontakt med Tinney Rasmussen ved Åkrehavn sildoljefabrikk for å utvikla septiktankar av glasfiber og polyester, ein idé Olav Vetvik hadde kome på nokre år tidlegare. Etter eksperimentering blei leiinga ved sildoljefabrikken interessert, og dei trong større lokale.

Dei vurderte fleire alternativ og landa på den gamle hermetikkfabrikken i Føresvik. I januar 1970 blei det forhandla om overtaking, og kommunen kjøpte fabrikken for kr. 360.000. I august 1970 vart avtalen med sildoljefabrikken om leige av 812 kvadratmeter til plastproduksjon signert, og Bokn Plast blei etablert.

Produksjonen fokuserte på septiktankar, og bedrifta tok etter kvart 2/3 av den norske marknaden. Elleve lokale arbeidarar blei tilsette, og Bokn Plast blei den største private arbeidsplassen i bygda til langt ut på 2000-talet.

Kjelde: Lindanger, Birger (2016). Bokn Kultursoga Band 2 s. 851-853