33-åringen var tidlegare i år ferdig utdanna fotterapeut, og har førebels etablert seg i ein av dei tidlegare omsorgsbustadene (orange).
- Eg har alltid interessert meg for føter, smiler innehavaren av Rebecca’s Fotklinikk, som også jobbar litt på sjukestova.
Klinikken ligg i Boknatunvegen 63, 1. etg.
Jardar Havikbotn
Ho vil halda ope måndag til fredag, nokre dagar om føremiddagen og andre dagar om ettermiddagen. Rebecca Sæbø vil fortløpande legga ut informasjon på klinikken si facebookside.
Folk som ønsker fotpleie kan ringa eller senda sms til tlf. 47 65 70 67
Me gratulerer med eigen fotklinikk!