Rådet for eldre og menneske med funksjonsnedsetting

Informasjon om Rådet for eldre og menneske med funksjonsnedsetting.

Ein måte å kunne påverke avgjerder på!

For å sikre medverknad frå målgruppene, skal alle kommunar ha råd og utval som ein del av den politiske behandlinga. Rådet vert vald etter gjeldande lover og forskrifter, og skal arbeide for å arbeida for eit aldersvennleg samfunn i politisk saksbehandling. På same måte vil rådet bidra med aktiv medverknad i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting. 

Alle innbyggjarar i Bokn kommune kan i utgangspunktet veljast til medlem av rådet. Rådet skal representere interessa til eldre og menneske med funksjonsnedsetting i Bokn. Utgangspunktet er difor at kven som helst som meiner at dei er representativ for gruppa og på den måten kan bidra inn, kan bli valt til å sitte i rådet. 

Bilde av Rådet for eldre og menneske med funksjonsnedsetting 2024 – 2027  - Klikk for stort bileteRådet for eldre og menneske med funksjonsnedsetting 2024 – 2027 Jardar Havikbotn

Rådet for eldre og menneske med funksjonsnedsetting for perioden 2024 – 2027 består av fem faste medlem, og to varamedlemmer. Dei faste medlemmene består av: Arne Hosaas (leiar), Ann Kristin Grønnestad (nestleiar), Arvid Jensen, Ingrid K. Våga og Sigmund Alvestad. Dersom ein av dei faste medlemmene ikkje kan møte, kalla ein inn varamedlem. Desse er Christine B. Christiansen (1. vara) og Arvid Jøsang (2. vara). Representantane her får opplæring og kunnskap om tenester og tema av interesse for å kunne fatte vedtak som tar vare på målgruppa. 

Rådet har gjennom året faste planlagde møter, og kan på den måten få sei si meining om saker som angår deira målgruppe. På den måten påverkar dei kommunale avgjersler. Rådet har som målsetting å ivareta interessene til eldre og menneske med funksjonsnedsetteting, og bidra til at deira syn kjem fram. 

Innspel frå rådet gir både politikarane og administrasjonen i kommunen, informasjon til å treffe gode avgjersler som varetek flest mogleg, både eldre og menneske med funksjonsnedsetting. Rådet påverkar avgjerslene gjennom å presentere sitt perspektiv på saker som angår dei. Dette vert kalla medverknad. Det betyr at rådet er ein del av den ordinære politiske saksbehandlinga og behandlar saker i møter. Rådet sitt vedtak vert så presentert for dei politiske utvala som skal behandle saken. På denne måten har politikarane moglegheit til å ta å ta lokale omsyn, etter råd frå målgruppa. 

Innspela som rådet kjem med kan gis i forkant av ei sak, men og rett før ei avgjersle vert tatt. Dette kan føre til at avgjersla treff innbyggjaranes behov enda betre, og at justeringar i etterkant ikkje er like nødvendige. Rådet behandlar ikkje saker som vedgår enkeltpersonar. Møta er opne for alle som måtte ynskje å vere tilhøyrarar. 

Kva sak brenn du for, som kan tas opp i rådet for eldre og menneske med funksjonsnedsetting? Rådsmedlemmene ynskjer innspel frå deg som innbyggjar. Ta kontakt direkte med representantane i rådet, eller send e-post til post@bokn.kommune.no 

NamnFunksjonTelefonEpost
Arne Hosaas (Ap)Leiar907 96 535arnhos@outlook.com
Ann K. Grønnestad (Ap)Nestleiar930 48 976annkristing1974@hotmail.com
Ingrid K. Våge (H)Medlem988 44 309Kallevik1994@outlok.com
Sigmund Alvestad (KrF)Medlem995 13 972sigmund@kleivaa.no
Arvid JensenMedlem915 63 435lailaaksdal@online.no
Christine B. Christiansen1.        Varamedlem
Arvid K. Jøsang2.        Varamedlem