Populære postkassebøker

Turbøker i Bokn. Jardar Havikbotn I 2019 blei det sett rekordar ved postkassebøkene på Boknahåve og Håklepp. Her får du også namna på vinnarane i åtte bøker.

Mange går tur i Bokn. Åtte turmål, som også er med i TellTur-prosjektet, har postkassar med bøker. Det er gledeleg at alle turane har god aktivitet.

Det er verdt å merka seg at Turstien snart har like mange besøk som Boknafjellet i løpet av eit år. Vil talet passera Boknafjellet i 2020?

Gledeleg er det også at fleire og fleire tar turen til Boknahåve, ikkje minst etter at skuleklassar m/foreldre har lagt fleire trebruer i traseen dei siste åra.

Oversikt, 2019

TURMÅL NAMN I BOKA MERKNAD VINNAR
Boknafjellet        5 078 210 færre enn rekorden frå i fjor. Celina Bokneberg, Bokn.
Boknahåve           503 Ny rekord. 30 stk. meir enn rekorden frå 2018. Marianne Hjertnes Steinsland, Bokn.
Hognåsen            495 Første heile år med bok. Anne Blikshavn Høyvik, Tysværvåg.
Håklepp           626 Ny rekord. Førre rekord frå 2018 var på 490 stk. Edith Sæbø, Bokn.
Klepphaugen            370 Første heile år med bok. Solveig Riise, Aksdal.
Turstien         4 736 Første heile år med bøker. Sonja Mikkelsen, Bokn.
Vardafjellet        1 782 490 færre enn rekorden frå i fjor. Gry Øvrebø, Bokn.
Ådnaneset           541 Begynte med bok 31.03.19 Randi H. Nilssen, Bokn.



Gratulerer til alle vinnarane! Gåvekort a kr. 500 ved sportsbutikk blir distribuerte i løpet av dei nærmaste vekene.

Stor takk til June Kro, Arvid Sæbø, Agnes Sæbø og Anette Våga for all hjelp i samband med trekningane.