Populær bygdekino

Frå kinoplakaten 9. februarVaiana var den mest sette filmen i Bokn i 2017. 

Nærare 12.000 personar har vore på kino i Auditoriet etter at Bygdekinoen etablerte seg der i 2003. I fjor var 731 stk. innom, og det var suksessfilmen frå Disney, Vaiana, som blei best besøkt med 59 stk. Askeladden - I Dovregubbens hall fulgte så med 56 og Marcus & Martinus - Sammen om drømmen med 49 besøkande. Desse filmane var også blant dei sju mest besøkte filmane for Bygdekinoen på landsbasis, med Askeladden - I Dovregubbens hall på topp.

Normalår

At 2017 var eit normalår for Bygdekinoen etter rekordåret 2016, blir også gjenspegla i ein nedgang i antal kinogåarar. Talet heng saman med kor mange filmar som blir viste kvart år, og det gjennomsnittlege besøkstalet er berre redusert med tre stk. sidan 2016.

Rådgjevar i Bygdekinoen, Grethe Næss, fortel at 2017 mangla dei store (norske) titlane for vaksne, som t.d. Kongens neiSnåsamannen og Børning frå 2016, som også hadde godt besøkte familiefilmar som Snekker Andersen og Solan og Ludvig.

For tredje år på rad hadde Bokn det høgaste besøkstalet av dei stadene i Rogaland som brukar Bygdekinoen, og gjennomsnittleg besøkstal var 20 stk. i fjor - det er eit bra tal.

Per Fugelli – siste resept

Ein vaksenfilm som nok får opp besøkstalet er Per Fugelli – siste resept. Samfunnsdebattanten og sosialmedisinaren gjorde stort inntrykk på mange boknarar då han hadde eit forrykande foredrag her 3. februar 2011, og filmen om det siste halvanna året av livet hans er ein rørande film om å leva for fullt til det heile er over.

Velkommen på kino!

Logo, Bygdekinoen