Petra-oppstart

Dei fleste av dei som var på Petra 29. sept.

29. september starta Petra fritidsklubb sesongen. Ungdomsarbeidarstillinga blei lagt ned 1. juli 2017 og klubben blir nå driven av ei foreldregruppe frå 9. klasse.

- Veldig

- Veldig bra, positivt og sosialt at Petra er i gong og ungdommane har noko å gjera på på fredagskvelden, seier tre frå styret, fv. Isak Sæbø Tjøsvoll, Kristian Hatlem og Magnus Grønnestad Alvestad entusiastisk.

Prøveordninga for skuleåret 2017/18 er i samarbeid med kulturkontoret og tar utgangspunkt i driftsforma klubben hadde då han blei driven som ein kommunal klubb. For ungdommane blir forskjellen å samarbeida med ulike vaksne for kvar klubbkveld, i staden for ein og same person.


Flinke og smarte ungdommar tar av seg på beina, og det blir mindre reinhaldsbehov.Som tidlegare er det dei unge sjølv som skal bestemma korleis dei vil ha det, og Petra har eit eige ungdomsstyre. Det nye styret består av ein repr. frå 8. kl., tre stk. frå 9. kl. og ein frå 10. kl. 

Bilde: Flinke og smarte ungdommar tar av seg på beina, og det blir mindre reinhaldsbehov.


Godt samarbeid

Som kjent har 9. kl. i fleire år vore involvert i kinodrifta, med kiosk og vakthald. Nå reknar me med at same Annette Bokneberg (tv.) og Rita Bokneberg gler seg over at 25 stk. møtte opp på haustens første Petra-kveld, og då var også fleire på Brassfestival.ordning for den tradisjonsrike Petra fritidsklubb skal fungera like bra. Dei pengane klassen mottar frå kommunen for å utføra desse oppgåvene, går til klasseturen deira i 10. kl.

Samtlege foreldre som sit vakt eller har andre oppgåver på fritidsklubben, har godkjent politiattest. Dei har også gjennomgått brannkurs for bygget.

Bilde: Annette Bokneberg (tv.) og Rita Bokneberg gler seg over at heile 25 stk. møtte opp på haustens første Petra-kveld, og då var også fleire vekkreiste på brassfestival.