Pensjonert biblioteksjef

Avslutning for Linda Ognøy, 13. november 2020. - Klikk for stort bileteAvslutning for Linda Ognøy, 13. november 2020. Jardar Havikbotn Etter 33 år i kommunen har Linda Ognøy pensjonert seg. 13. november blei dette markert, først med personalet på skulen og så på Boknatun.

62-åringen (63 år den 5. desember), som begynte som biblioteksjef 1. desember 1987, har gjennom eit langt yrkesliv vore med på store forandringar frå ei tid der alt blei ført manuelt til ei digital bibliotekverd.

1. januar 1995 fekk ho også ansvaret for skulebiblioteket, og i februar 2003 flytta biblioteket frå Boknatun til underetasjen i ungdomskulen. Linda Ognøy har vore ansvarleg for Den kulturelle spaserstokken og ei tid Den kulturelle skulesekken. 

Lesing og litteraturformidling

Ho har alltid jobba for eit aktivt og levande bibliotek, og i dei seinare åra har det i samarbeid med helseseksjonen vore tysdagskafé på biblioteket.

- Uansett store digitale forandringar er det lesing og litterturformidling som ligg meg nærast, fortel ho.

Mange barnehagebarn og skuleelevar i Bokn har hatt flotte lesestunder opp gjennom åra.

- Eg kjem til å sakna gode kollegaer, brukarane og alle eg har samarbeidt med, seier Linda Ognøy.

Takk for innsatsen og lykke til som pensjonist!