Pårørandefest for bebuarane på sjukestova

Om kvelden 29. november hadde personalet på institusjonskjøkkenet og på sjukestova laga til fest for bebuerane og deira pårørande.

Bilde frå pårørandefesten, 29.11.23 - Klikk for stort bileteOpptrinn av Songtrioen. Silje Eide Vierdal

Av Grethe Heimvik

Det vart fyrst servert heimelaga graut og spekemat, før ein litt seinare på kvelden fekk servert småkaker og kaffi.

Forfattaren av boka «Ska sei», Birger Lindanger hadde høgtlesning frå utvalde kapittel, til stor glede for tilhøyrarane. I tillegg vart det underhaldning i form av song og musikk av May Jorunn Vatnaland, Venevil Birkelund og Oddrun Nilssen, akkompangert av Einar Bakke på piano. 

Gåver

Pårørande hadde fått beskjed om å ta med seg ei umerka gåve, som i løpet av kvelden vart trekt og gitt til ein tilfeldig bebuar på sjukestova ved hjelp av loddtrekning - til stor begeistring for dei frammøtte. 

Bilde frå pårørandefesten, 29.11.23 - Klikk for stort bileteJulegåveutdeling skapte begeistring. Silje Eide Vierdal

Vi takkar alle frammøtte, både pårørande og bebuarane for ein hyggeleg kveld, og alle våre tilsette som bidro til at rammene rundt kvelden vart vellykka.  

Bildet viser fleire eksemplar av boka. - Klikk for stort bileteDet var høgtlesing av den nye boka Ska sei! Jardar Havikbotn