Av kommunalsjef teknisk, Michael Gräfe
Dei tilsette gler seg over at prosjektet blir sett i gong.
Jardar Havikbotn
Etter fleire månader med førebuande planlegging vart oppdraget tilbode Birkeland AS, som straks vil setja i gong med arbeidet.
Sidan det er behov for noko prosjektering, søknader og godkjenning, vil ein likevel ikkje omgåande sjå gravemaskinar i området.
Synleg om nokre veker
Boknarene må smørja seg nokre veker til med tolmod. Men om ikkje så lenge til vil me kunna sjå aktivitet, både med ein leikeplass på utsida av barnehagen og etter kvart òg i uteområda til barnehagen.
Det blir vanleg barnehagedrift under arbeidet, noko som set store krav til entreprenøren - som undertreker at tryggleiken i prosjektet sit i førarsetet.
Ny leikeplass
Arbeida vil omfatta ei totalrenovering av uteområda. Avsett budsjett for prosjektet er 4,5 millionar kroner. Ungane, men også dei tilsette, kan gle seg over mange nye og spenstige apparat. Den nye leikeplassen er i så kort gangavstand til barnehagen at òg dei minste kan gå tur dit.
Med atterhald om streng vinter er byggeperioden fem månader.
I møtet deltok:
Egil Våge, orførar
Frode Naley, anleggssjef Birkeland as
Henrik Knutsen, driftsleiar Birkeland as
Michael Gräfe, kommunalsjef teknisk Bokn kommune
Magnar Rasmussen, prosjektleiar (frå vertskommunen Karmøy)
Anja Kjellesvik-Karistiansen, rådgivar for innkjøp (frå vertskommunen Karmøy)
Maria Kristiansen, rådgivar park og utemiljø (frå vertskommunen Karmøy)
Kate Åse Helgø, styrar i Bokn barnehage