Open hall

Det blir open hall i Bokn Arena kvar torsdag frå 15. februar. Ordninga vil også gjelda enkelte fredagar.

Bilde av Bokn Arena Hall - Klikk for stort bileteBokn Arena Hall Jardar Havikbotn

Elisabet Taraldlien og Elise Marie Bryningsland vil ha hovudansvaret, men treng folk til å vera med og hjelpa. Damene tenker at det må vera to personar til stades i tillegg til dei. Kvar gong vil Elisabet eller Elise Marie vera med.

Er du over 18 år høyrer dei gjerne frå deg i innboksen (Messenger), eller mobil 46 95 95 13 til Elisabet.

Aldersgrenser

Aldersgrensa blir delt opp:

  • 1-4. klasse: kl. 17 – 18
  • 5. klasse til 18 år kl. 17 – 20


Foreldre som ynskjer å vera med og halda aktivitetar for dei minste må gjerne det.  Elisabet/Elise Marie og Bokn idrettslag stiller med noko utstyr, slik at dei som vil spela volleyball, fotball eller andre aktivitetar får gjera det.

Opningstida vil vera kl. 17 - 20
Dei hjelparane som ynskjer ein kopp kaffi eller te, skal få det.

Elisabet og Elise Marie ønsker hjarteleg velkommen!