Gode boknarar!
2024 går mot slutten, og me legg bak oss eit år der det har skjedd mykje både på sjø og land!
Formannskapet blei invitert til å vera med på gjennomslaget i tunnelen mot Laupland.
Egil Våge
Me hadde vårt siste kommunestyre for året tysdag 10.12.24, der blant anna budsjettet for 2025 blei vedtatt.
Budsjettet er stramt, men med dei tilførte midlane kommunen fekk frå staten i løpet av året, kom me i hamn og fann óg rom for litt auke:
Innhaldsrikt år
Bokn Plast blei riven i september/oktober.
Egil Våge
Det har skjedd mykje her på Bokn dette året.
- På Trosnavåg har Gassco og Equinor hatt ein stor arbeidsoperasjon i samband med revisjonsstansen på Kårstø.
Det blei sett inn ein ny ventil på gassrøyret som fører gass ut på kontinentet. Men før det kunne setjast i gong måtte vegen frå Grieg Seafood på Trosnavåg og ut til anleggsområdet på Grønnestad utbetrast for å kunne transportera ventilen på plass. - Fylkeskommunen har stått for asfaltering av Grønnestadvegen og Kyrkjebakken samt deler av Føresvikvegen ved krysset til Loden.
- Statens Vegvesen har samtidig i desember jobba med utskifting av fugene på Boknasundbrua og reinsking/sikring av vegkantar frå Austre Bokn til Slåttevik i Tysvær, så me har verkeleg hatt trafikale utfordringar i det siste.
- I Føresvik har Nyholmen stige opp av sjøen og den nye øya har kome fram. Bygningane til Bokn Plast er rivne og området er planert og klart til å heva nivået til kote 2,5. Bokn kommune har her gått i samarbeid med Føresvikvegen 2 AS for å gjera området byggeklart.
- Tomt til ny brannstasjon er kjøpt, og det er vedtatt at stasjonen skal byggast i Knarholmen. Her ligg rammesøknad inne for godkjenning.
- Arbeidet med nytt uteområde i barnehagen har vore ute på anbod. Oppdraget gjekk til Birkeland Entreprenør, og arbeidet startar opp på nyåret. Birkeland Entreprenør har god erfaring med slike jobbar frå tidlegare og me ser fram til når dette er ferdig.
Rogfast og nye E39
Tunnelarbeidet går sin vante gang og begge tunnelløpa er nå ca. 5,5 km kvar. Det utgjer ca 60% av tunnellengda som Skanska skal sprenga mot Kvitsøy.
I november arrangerte ungdomsrådet i samarbeid med FAU ungdomskonsert i Bokn Arena der dei fekk Capow x2G og Kvednabekkjers. Her er Capow x2G på scenen.
Egil Våge
Formannskapet blei invitert til å vera med på gjennomslaget i tunnelen mot Laupland og det var ei kjekk oppleving der underteikna fekk trykke på knappen å sprenga av 1 tonn dynamitt.
Statens vegvesen held nå på med planprosessen av dei 2 traseane for nye E39. Arbeidet vil halde på i 2025, og forslag til kommunedelplan vil koma i slutten av 2025, eller tidleg 2026. Begge traseane vil då bli lagde ut på høyring, der den eine traseen vil vera Statens vegvesen si anbefaling.
Kultur
Kulturprisen, som blir delt ut kvart 2. år, blei i tildelt Olav Larsen og Kari Christensen for sitt arbeid med restaurering av sjøhuset i Kro og formidling av historia rundt sjøhuset.
I kulturskulen blir det jobba godt, og det fekk me eit godt bevis på under Julestjerner-konserten i desember, der kulturskule-elevane opptredde med song og musikk og med teikneutstilling. Ein flott konsert!
I november arrangerte ungdomsrådet i samarbeid med FAU ungdomskonsert i Bokn Arena der dei fekk Capow x2G og Kvednabekkjers til å underhalde. Kystvind hadde lyd og lyssettinga og laga eit flott show.
Ungdommar frå heile Haugalandet blei inviterte til konsert på Bokn, det blei ein flott konsert og ei flott ramme rundt arrangementet. Ein kunne nok ønska at det kom fleire ungdommar frå nabokommunane, men alt i alt eit bra arrangement.
Idrett
At det er ein syklist frå Bokn som hevdar seg internasjonalt er me veldig stolte av.
-Du er med og set Bokn på kartet, og me ønsker deg lykke til vidare i karrieren og heiar på deg, Matilde Skjelde!
175 år
Frå kulturskulen sin Julestjerner-konsert i desember.
Egil Våge
I 2025 blir Bokn kommune 175 år og dette må markerast. Me planlegg ei markering 18. mars og i september!
Takk!
Eg vil takka politikarar og administrasjonen i kommunen for eit godt samarbeid i året som er gått, og håpar på eit like godt samarbeid framover. Eg vil óg takka alle dei som har stått på og jobba for å ivareta våre eldre og sjuke, de gjer ein fantastisk jobb. Og alle frivillige som står på for at det skal skje ting på Bokn - og skapar gode miljø.
Utanforskap og mobbing er alvorlege problem som kan ha langvarige negative effektar på enkeltpersonar og samfunnet samla sett. For å skapa eit godt miljø, er det viktig å fokusera på inkludering, respekt og empati. Ved å jobba saman kan me skapa eit miljø der alle kjenner seg trygge, verdsette og inkluderte.
Tusen takk alle saman!
Med det vil eg ønska alle eit riktig godt nyttår og takk for det gamle!
Egil Våge
Ordførar