Ny strandryddedag

Ordførar Tormod Våga er klar 5. mai, er du?

Marin forsøpling blir dessverre berre meir og meir aktuelt, med m.a. ei nyleg lokal påminning samt aktuell dokumentarserie på TV.

I fjor hadde Bokn ein suksessrik strandryddedag, der rundt 100 personar samla inn nærmare 300 sekkar - 6 tonn med marint avfall. I tillegg gjorde mange ein strålande ryddeinnsats både før og etter dagen, både private, skule, velforening og ikkje minst hyttefolk.

Hald Bokn reint

Fekk du ikkje vera med i fjor? I år kan du vera med på dugnad og rydda ein del av Bokn si 120 km lange kystlinje. Folk som vil gjera ein innsats, men ikkje har anledning 5. mai, kan registrera seg på kulturkontoret og få utstyr til å gå i gong.

Set av laurdag 5. mai, meir info vil koma seinare.