Ny rådmann

Rådmannsskifte 18.05.20: Overlevering av nøkkel frå tidlegare rådmann til ny rådmann. Jardar Havikbotn 18. mai hadde rådmann Ingeborg Skjølingstad sin første arbeidsdag i Bokn kommune. Ho har tlf. 40 40 54 78.

Tidlegare rådmann, Jan Erik Nygaard leverte henne nøkkelen til rådmannskontoret. Sjølv har han flytta til eit anna kontor i same etasje, for å vera saksbehandlar og dela erfaringane sine med Ingeborg Skjølingstad, før han blir pensjonist.

Ingeborg Skjølingstad på sin første arbeidsdag på rådmannskontoret, 18.05.20 Jardar Havikbotn Dagen blei markert med kake i lunsjen. Ordførar Osmund Våga var blant dei som tok i mot den nye rådmannen.

- Eg ynskjer ho hjarteleg velkommen til Bokn kommune og ser fram til godt samarbeid i åra framover.

Første dag på rådmannskontoret

- Eg gler meg veldig til å bli kjent med den nye organisasjonen, med alle som jobbar der, og ta fatt på nye oppgåver og utfordringar, seier Ingeborg Skjølingstad.